Historie

Historien om Gaula. En av de største lakseelvene på vestlandet.

Gaula Vestlandet

For 12 – 15000 år sidan trekte isen seg tilbake frå kysten på vestlandet. Etter kvart rann Gaula frå Jostedalsbreen til Dalsfjorden og Gaula er kjend som elva med dei mange fossane.

Osfossen sperra for all oppgang av anadrome fiskeartar. Fisket i Gaula på 1830-tallet utgjorde omlag 1000 kg årleg, men fangsttala varierte mykje.

Frå 1830-åra vart den engelske overklassa interesserte i sportsfiske i norske elver. Til Gaula kom iren William T. Potts ein gong i 1860-åra. Frå iallfall 1867 leigde han alt fisket under Osfossen eksklusivt.

Trappa i Osfossen er Noregs eldste ”kulpetrapp” og var bygd i 1871. Trappa er 11 meter høg og har 16 avsatsar med 1 til 1,22 meter høgd. Trappa vart først planlagt av fiskeriassistent Baade i 1866. Av fiskeriinspektøren sine årsmeldingar ser ein at det først var lokale interesser som forsøkte å få til ei trapp. Arbeidet vart først gjennomført då William T. Potts tok over og endra planane. Han kosta bygginga mot eksklusiv fiskerett i 25 år frå alle grunneigarane under og ovanfor Osfossen. Fiskerettseigarane under Osfossen hadde på si side gitt løyve til trappa på vilkår av at den ikkje skulle føre til tap for dei.

Trappene vidare oppover i elva vart bygde på slutten av 1800 åra. Det er trapper i Rekvikfossen, Alværfossen og Øvste Sandafossen.

Området under Osfossen vart etter kvart ein av landets beste fiskehølar, med store økonomiske interesser. Rettane på nordsida har sidan 1850 tilhøyrt same gard og familie, og har alltid vore rekna for å vere dei beste i vassdraget – og mellom dei beste i landet. Rettane på sørsida blei i1878 selt til William T. Potts, då han overtok garden Osen. Nevøen hans, Wille T. Potts, selde i 1896 garden til Olav Mo, som straks selde ”embetsmannshuset” på garden og alle fiskerettar i Gaula vidare til Johan Gran. Etter den tid har huset og fiskerettane på sørsida tilhøyrt ulike interesser og familiar. Frå 1936 har desse rettane tilhøyrt Rolf Olsen frå Bergen og hans etterkomarar.

Mange kjende namn har fiska i Gaula. Mellom anna noregsvenen Sir Charles Thomas Stanford, som fiska i Gaula frå 1890 til 1928, unnateke krigsåra 1914-1918. I 1903 gav han ut boka ”A River of Norway.” Boka skildrar folket, naturen og fisket i elva.

Innsatsen til roarane var av stor verdi for å få fisk og ikkje minst lande fisk. Mellom dei mest kjende er ”Lars i Fjøra” og Johan Furnes.

Gaula har gjennom åra hatt store variasjonar i lakseinnsiget. Statistikken viser oppfiska kvantum sort sett mellom 2000 kg og 5000 kg. Stor skattlegging i havet, drivgarn og linefiske samt mange settegarn i fjordane, påverka laksestammen. Saman med naturgjevne variasjonar i elvegyting og næringstilhøve, isgang og predatorar i elva, kunne det vere store variasjonar i yngelmengda.

I alle år frå trappa i Osfossen vart bygd, har det vore arbeidd med kultivering gjennom klekkeriverksemd. Det første klekkeriet låg på Korsvold, som William T. Potts eigde frå 1877. Bror hans, Henry T. Potts, selde garden i 1887, men held unna fiskeretten og klekkeriet. Klekkeriet på Korsvold vart i rapport frå 1912 omtalt som eigd av Thv. Beyer. Han var den gang største eigar i selskapet som eigde fiskerettane på sørsida under Osfossen. Nytt klekkeri vart i 1935 bygd på Moane. Anleggskostnaden var kr 1 908,01, og utgiftene vart bestemt delt med 1/3 på Lervik, 1/3 på Osen (sørsida) og 1/3 på dei resterande med lakserett i Gaula. Frå midten av 1960-talet vart klekkeriet flytta til nytt bygg i ”Rongja ved Osløyken”.

Stamfisk til bruk i klekkeria vart fanga i trappa i Osfossen. Dei seinaste åra var det gitt løyve til å fange 20 laksar, mot tidlegare 40 kvart år. God handtering av stamlaksen, gode passarar i klekkeriet og sommarfôring av yngelen dei siste åra, gjorde at klekkeriet i alle år hadde gode resultat m.o.t. utklekka tal yngel og overleving fram til utsetting.

Klekkeriet vart stengd i 2001, etter at det vart innførd krav til dokumentasjon av nytta. Vilkåra for slik dokumentasjon vart sett slik at elveeigarane i Gaula ikkje såg seg i stand til å halde fram med kultivering. Den siste yngelen frå klekkeriet er venta tilbake til elva i 2006 eller 2007.

Det vart på nytt gjeve løyve til kultivering frå og med 2008. Stamlaksen vart i åra 2008 til 2010 tatt ut under det ordinære fisket under Osfossen. Laksen vart tatt ut frå gitte fangstkvotar på elvestrekket. I 2011 og 2012 vart halvparten av stamlaksen tatt ut på sommaren under det ordinære fisket under Osfossen. Den andre halvdelen vart tatt ut under prøvefisket (kartleggingsfisket for andel oppdrettslaks i den ordinære gytebestanden) om hausten på elvestrekket frå Osfossen og til Fossfossen. I åra 2013 til 2015 vart all stamlaks tatt ut under prøvefisket om hausten. Ny kultiveringsmedtode frå 2008 er utlegging av augerogn ovanfor lakseførande del i sideelvane til Gaula.

Fossane i vassdraget er i ulikt omfang freda. Frivillig freding i Osfossen og Rekvikfossen er avløyst av freding ved forskrift, som frå 1989 også omfattar dei andre fossane laksen må passere.

Fisketida i vassdraget har vorte endra fleire gonger. Frå gamalt av vart det fiska utan regulering. Den første fisken søker opp under Osfossen normalt i april, men går til vanleg ikkje trappa i Osfossen før i første halvdel av juni, avhengig av vasstemperatur. Fleire fossar hindrar laksen si vandring vidare.

Fram til 1989 var fisketida frå 1. mai til 30. september i heile elva. Frå 1989 vart opninga endra til 15. mai. Samstundes vart fisket under Osfossen stansa frå 24. august. Fisket opp til Rekvikfossen stansa då 31. august, medan fisket ovanfor gjekk til 15. september. Frå 1994 vart opninga av fisket endra til 1. juni. Frå 1997 vart opningstida på nytt endra til å gjelde frå 15. juni til 15. september i heile elva. Etter stifting av nytt elveeigarlag i 2006, vart opningstidene for sesongen 2007 endra til å gjelde frå 01. juni til 31.aug nedanfor Osfossen og 01. juni til 15. september ovanfor Osfossen. Frå 2008 har opningstidene vore 01.juni til 15. september i heile elva. Dette er fortsatt gjeldande opningstider.

Reiskapsbruk og fangstmetodar har og skifta. Tidlegare faste installasjonar er vekke, og det er ikkje garnrettar i elva. Frå 1989 fekk ein nye restriksjonar på sportsfiskarutstyr. Mellom anna kom det forbod mot rekefiske og reglar om storleik på krok.

Frå 1999 gjeld at kvar fiskar har kvote på to villaks pr. døgn. Etter samråd frå NINA, vart det frå 2008 innført ei friviljug avgrensing, slik at kvar fiskar berre kan avlive ein villaks pr døgn. I tillegg vart det innført sesongkvoter på all villaks over 65 cm lengde, med maksimalt uttak av mellomlaks (lengde over 65 cm, men med vekt mindre enn 7 kg) og storlaks (vekt 7 kg eller meir). Sesongkvotane har variert og blir bestemt av elveeigarlaget på årsmøtet etter innspel og prognoser frå NINA. Kvoteavgrensingane, rapportane frå lakseteljaren i Osfossen og gytebestandsmålet som er satt for elva, viser at beskatningstrykket har vore lågt dei siste åra.

Reguleringane av fisketidene og innføringa av kvoter har vore omstridde. Usemja har botna i ulikt syn på laksestamma si sårbarheit og trongen for restriksjonar på sportsfisket. Gytebestanden har aldri vore klart kartlagd, og fangstrapportane har vore det einaste målet på utviklinga. Årsaks- og verknadsforhold er difor uklare og til dels omdiskuterte. I 2005 vart det etablert fisketeljar med videoovervaking i trappa i Osfossen. Denne gir full oversikt over oppvandring av laks og sjøaure gjennom Osfossen, tidspunkt for oppvandring, størrelse, kjønn og type fisk. Fisketeljaren er blitt eit viktig reiskap i forvaltninga av laksestammen i elva.

Rettshavarane til laksefisket i Gaula har i varierande utstrekning samarbeidd og vore organiserte. Allereie arbeidet med trapp i Osfossen visar samarbeid og organisering, likeeins bygging og drift av klekkeria. Den formelle organiseringa skjedde i 1941, då Gaula elveeigarlag vart skipa. I 1988 vart elveeigarane delt i to lag. I 2006 vart elveeigarane igjen samla i eit lag. 04. mai 2015 vart det stifta nytt lag i samsvar med ny forskrift: ”Forskrift om pliktig organisering og drift av vassdrag med anadrom laksefisk”.

Kilde: DRIFTSPLAN  FOR ANADROM DEL AV GAULA 2016-2020